Barn i Etiopia

mars 3, 2010

Det er så ufatteleg masse herlege ongar i dette landet, her er berre nokon bilder av desse herlege vesna.

Noko av det eg syns er så fantastisk, er at sjølv om det er SÅ store forskjelar på fattig og rik, så er ALLE så ufatteleg høgt elska av gud, og alle så verdifulle! 


litt meir oppdateringar

februar 26, 2010

Okseslaking

Eg har for første gong sett på når ein okse blei slakta ( ganske brutalt syns eg)

Bursdag ; )

Eg har også  hatt bursdag! Det var ein veldig fin dag! Det var fleire som var innom på besøk på dagen, og på kvelden var eg og nokon venner ute og spiste før me gjekk heim og hadde litt kaker og is.  

her er heime hos meg.

fire personer som eg sett stor pris på! Toril, Genneth, Senait og  Molo 

ein av ballongane eg fekk av ungdomane eg jobbar med :)

Timket:

Timket er ein stor ortodoks feiring i etiopia. Nokon plassar er det den største feiringen i året. Så vitt eg fekk med meg er det ein fest som bunner i når johannes døpte jesus.

Det som skjer er at folk samlast rundt forskjellege baseng , elver eller lignande. Så er den ortodokse paven eller/og andre prestar der og ber lange bønner over vatnet, og veldigner det. Når dei har gjort det er vatnet hellig, og då har det legende kraft.

Når det var timket feiring reiste eg, toril og nokon andre for å sjå på. Det var verkelen ein stor opplevelse, det var  sikkert hundre tusen folk som var samla der me var. Dei var alle samla rundt eit baseng med høgt gjerde rundt.  Men sidan me er kvite fekk me koma heilt inn til basenget.

her står viktige pavar, prestar og oss…

Så tett med folk var det rundt heile det store basenget

Her står paven og velsigner vatnet (ca to meter frå meg).

 

Når vatnet var blitt hellig, sto det nokon prestar og spruta vatten ut over den store folkemengden,  alle ville ha ein bit av det hellige vatnet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dei som hadde mulighet å koma heilt inn til basenget utnytta det, og tok litt vaten med seg heim.

 

 

 


ein liten oppdatering

februar 24, 2010

bloggen min har desverre vert litt dø i det siste, men no kjem ein liten oppdatering med litt bilder frå dei siste månadane.

I jula var familien på besøk. Me reiste litt og koste oss i lag. (sjølv om ein av oss liker å vise kor fin tunge ho har).

Her sitter mine fantastiske søsken på taket, mens  me var på safari litt utanfor arba minch (sør etiopia)

litt seinare var me på flodhest og krokodillesafari.

litt fuglar var der også

Me kjørte forbi mykje forskjelleg, 

 transport av menneske …

 transport av varer…

 mennesker…

tradisjonelle hytter…

og litt meir moderne maskiner.

Tusen takk for besøket, det var veldig kjekt å ha deko her!


“Mannen på gata”

desember 1, 2009

Rundt meg i kvardagen min her i Etiopia ser eg dagleg ufatteleg mange uteliggere, dei er overalt. Folk som ikkje har hus, som ikkje har skikkelege kler, som ikkje har pengar til å la barna gå på skule, som berre så vidt klarar å skaffe mat på bordet. Folk som dagleg må kjempe for å klare å leve. Kjempe for å leve eit liv som eg ikkje syns hadde vert verdig nok for ein hund eingong. Mennesket som er skapt så fantastisk, mennesket som har så stor verdi, og så er dei nødt til å leve eit slikt liv…

Noko som skremmar meg, er likegyldigheten, og overlegenheten som eg kjenner på. De går ikkje lenger skikkeleg inn på meg å sjå alt dette. Å sjå barn som tigger, bært av mora som står i berre filler, eller gamle mennesker som har dårleg helse, som ikkje ein gong har ei seng å sove i. Det vert berre ein del av kvardagen.  

I dag har eg tenkt mykje over dette, korleis kan ein hjelpe på litt lengre sikt? og Korleis kan eg få folk i den vestlege verden til å forstå kor priviligerte me er?, og kanskje dele litt meir av alle dei godene me har. Kva skal til for at me skal forstå?


Bryllup!

november 17, 2009

På søndag var eg  så heldig at eg fekk vere med i eit etiopisk Bryllup.

Det var ei av dei som jobbar på svenskeskulen (der eg er lærer i sport), som skulle gifte seg.

Bryllupet skulle være på heimplassen til Meseret (bruda) og det låg ca 2 1/2 time utanfor addis. Så me starta tidleg for å få med oss mest mogeleg.

På vegen møtte me mykje forskjelleg, blandt anna ein heil flokk med kamelar!

Når me kom fram til huset hennar var der mykje folk, men mykje handla om bildetaking . Her er eit av bilda eg tok av den nydelege bruda og forlovarane hennar.

 

Dei var eit herleg par og det var veldig kjekt å få vere med på den store feiringa! Det var eit stort bryllup og dei hadde invitert (for) mange gjestar. Alle fakk ikkje plass inne i festlokalet, så nokon måtte sitje utanfor… Det var også tydeleg at det var stas å ha utenlandske i bryllupet. Utan at me ønska det fekk me mykje oppmerksomhet, og hedersplassen fekk me når me skulle sitte å ete. Me satt på nermeste bord til brudeparet, og  det som var verre, var at eigentleg satt familien der, men dei vart heve ut til fordel for oss. Det var ein ufatteleg kiip følelse!

Her er nokon bilder frå den minnerike dagen.

Her hentar brudgomen,  bruda heime hjå ho. Ein veldig fin tradisjon der ho seier hade til sin familie for å markere at ho går inn i ein ny familie.

Nydeleg brudepar og nydelege brudepiker

Her er me som reiste i lag frå svenskeskulen.

Ei dame i fin oromodrakt som danser.

Ein anna tradisjon dei har. Dei stoppar alltid ein plass og står slik og vinker til dei som er rundt.

 

 


graduation og barselbesøk

november 12, 2009
Her er nokon få bilder frå to av vekas begivenheter, Graduation og barselbesøk.
barselbesøk 09.11 037

to søskenebarn Meg eg vesle Ruth

graduation 08.11.09 009

Sisay og Saron

Her er Sisay, som eg vart kjend med sist eg var her, og Saron. Saron var eg med å hente på sjukehuset berre nokon timar etter ho var født (også sist eg var her) :)

barselbesøk 09.11 016

Mamma og Pappa Tolo, med dei som hadde graduation

Her er foreldrene til ein stor søskenflokk på ti. Dette er vel den familien eg har mest med å gjere der, dei er fantastiske! Gera som sitter til venster er bilmekaniker og jobber her på DNS. Ein bra mann! Han til høgre er ein Tolo sønn. 

barselbesøk 09.11 031

tigist med vesle ruth

Her er søstera og mora til Saron (første bilde)

 


Haustferie del 2

oktober 30, 2009

Etter turen til ambo hadde eg ein roleg dag i addis, og så bar det ut på tur igjen.

No reiste eg og Anne Nord-Varhaug ( ei anna ettåring) på ein tur sørover til Bale fjellene.

Me reiste med offentleg transport, noko som er ein heil opplevelse i seg sjølv. Me måtte bytte buss, og styre på, men det gjekk veldig fint.  Når me kom fram til Dodola lag me oss inn på eit motel, og bestilte tur og hestar til dei kommande dagane.  Me skulle nemmeleg ha tre dagar der me rei frå hytte til hytte i fjella.

Det var kjempefint i fjellområdene i bale, eg kan verkeleg annbefale det!

Første dagen gjekk me litt og rei litt, ca 18 km i tereng. Det var godt både for rompe og kner når me til slutt kom fram! Det var tydeleg at eg ikkje akkurat var vandt med å sitte på hesteryggen i fleire timar :) Men for ein opplevelse!

Hyttene me overnatta i var jordhytter, (men med blikktak), dei låg på mellom 3000 og 4000 meters høgde, så det var veldig kaldt om kveldene og nettene. Men det er jo ingen problem for ein ekte viking :)

Her er anne og guiden vår.  

26. okt 086

Dei to første dagane hadde me ganske roleg tempo, men tredje dagen skulle me ri 20 km, og me måtte vere nede i Dodola til ca kl 12, for me skulle reise videre og trengde tida. Sidan me hadde litt dårleg tid, fekk me trava ganske masse, og av og til kom hesten opp i galopp. Det var ein fantastisk opplevelse. Ridingen gjekk frå å vere veldig hompete  til å bevege seg i bølger bortover, og så hompa det igjen :) . Når turen var ferdig var me berre litt stive og øme forskjellege plassar.

Me rakk ned på 4,5 t så me kunne ete, og skifte før me satte kursen litt nordover igjen, til Langano!

Her er nokon bilder frå Bale

Her er eg på hesten 26. okt 124

her rid me i ein liten skog26. okt 114

Her er det pause oppe på ein av toppane

 

26. okt 110

Langano

Når me kom fram til Langano møtte me fire etiopiske venner og toril.

Der tilbrakte me halga i telt (lavo) på ei strand, det vil seie eg og Anne og ei som heiter Jenenech sov ute under open himmel :)

Me bada og kosa oss, og naut det å ikkje no noko spesielt å gjere. Det var veldig bra at me ikkje hadde for masse opplegg, for ein eller anna gong i løpet av bale turen har eg blitt matforgifta. Så eg brukte første natta til å springe hit og dit, og derfor dagen etterpå til å berre slappe av.  

Til tross for litt sjukdom var det ein veldig fing helg. Det var godt selskap i gode omgivelsar.

Her vert det laga mat forran lavoen  

26. okt 131

 

26. okt 134

Så var denne ferien over. Men den har vert innholdsrik, og fin!


Haustferie!

oktober 30, 2009

Forrige veke var det haustferie, då fekke eg sjå og oppleve mykje forsjelleg.

Første helga var eg på tur med dei ansatte som er  i addis og jobber for nlm der. Me tor turen vestover til Ambo, og eit vulkankrater som lår ein time derifrå.

Allerede på veg opp såg me mykje vakker natur mange fine hytter. 

26. okt 029

Når me var nesten framme måtte me selvfølvelig punktere. Så då var det berre til å skifte dekk , men når me hadde gjort det såg me at det var for lite luft i reservedekket. Men me fant ut at me fekk la bilen stå til etter turen, så skulle nokon nasjonale sjå om dei fekk tak i ei pumpe i mens me var vekke.

Det var heldigvis ikkje så langt igjen, så nokon gjekk, mens nokon tok den andre bilen.

Turen vår skulle gå ned i eit vulkankrater. På turen kunne me leige hester, eller gå sjølv. Når me hadde gått eitt stykke nedover kom me til ein nydeleg dal, som me gjekk innover. Dalen med bekkar og det heile førde oss til eit vaten som var i krateret. Når me kom dertil kom ein liten båt og rodde oss over til andre sida, der me nesten alle sammen rei opp. 

Krateret!26. okt 050

Når me hadde vert ute i va 5 timer var me ferdige med turen, men så var jo ikkje bilen i orden. Så Elisabet og Toril tok  reservedekka, og kjørte ned til ambo for å fikse dei. Det tok ca 1 t per veg. Me som var att oppe på fjellet brukte derfor tida til : Å ete mat, synge julesangar, ha diverse bevegelsesleikar, laurensia, tenne bål, og litt andre ting. Mykje av dette gjorde me eigentleg berre for å holde varmen, men det var veldig koseleg!

Natta hadde me på eit hotell i ambo, før me dagen etterpå retta nasa mot addis etter litt leiking og andakt.

Takk for ein fin tur folkens!


Sjukehusbesøk

oktober 15, 2009

Tirsdag var ein dag verkeleg utanom det vanlege. Eg fekk vere med ein doktor til det koreanske sjukehuset, for å “observere” og sjå korleis det er på skukehuset her.

Når eg kom fekk ein ein fin doktorfrakk (noko som gjorde at eg med det same fekk stor respekt frå dei rundt meg)          Eg fekk først ein omvisning rundt på sjukehuset. Me gjekk innom akutten, fødestova, prematusavdelingen, oppvåkninga, diverse undersøkelsesrom, og litt andre plassar.  

Det var ein roleg dag i byrjinga, men eg fekk sjå litt av kvart.

På prematuravdelinga var det fleire hellege små barn, den minste som var der var 900 g når han vart født. Det er seriøst veldig lite, dei var kjempesmå, og veldig søte!!!!

Når me hadde ete lunch snakka me med nokon av dei som skulle operere, så me fekk lov å vere med inn å sjå på to operasjonar. Men sidan me skulle inn på operasjonssalen måtte me ha på oss andre kler, og når ein har min størelse så  var ikkje det så lett, eg vart detfor gåande med ei bukse som i praksis vart knebukse. Men men … Det var veldig spennande å få vere med på noko slikt. 

Den eine operasjonen me såg litt på, var når dei låg inn ein dren, på ein liten gutt som hadde vannhovud. Den andre var ein mann som hadde eit tre månaders gammalt overarmsbrudd. Begge deler var kjempe spennande. Eg skulle gjerene vert der inne mykje lenger enn det eg var,  men eg måtte etter ei stund gå ut for å få litt frisk luft, eg vart rett og slett litt dårleg.

Her er eit bilde av meg og nokon andre i operasjonskler. 14.okt sjukehuset + dabo kolo 001

Det koreanske sjukehuset er eit veldig bra sjukehus, sjølv om det ikkje akkurat er norsk standar, så klarar dei å gjere mykje ut av mindre resursar.


bursdagsfeiring

oktober 12, 2009

Ein kveld for vel ei veke sidan sto det plutseleg nokon kjende folk på trappa, dei såg litt forbausa inn på meg, og eg såg like overaska tilbake. Eg viste det skulle koma nokon studentar, men eg var ikkje forberedt på at eg kjende dei. Det var katrine, helga og ingrid ( kjenner katrine og helga frå leir, og leirarbeid)

Nokon dagar seinare var me ute og åt god mat og feirde bursdagen til ei anna som er på gjestehuset, dette var veldig koseleg.

11.okt 005 

Før me skulle kjøre oppdaga me at me hadde eit lite problem, me var 6 stk, og då er det  jo ikkje plass i ein vanleg bil. Men det gjekk ikkje lang tid før me fant ut atdet var ein land cruiser som var ledig, og den var 6 seters. Så med nokon veldig fornøyde pasasjerar raste me rundt i addis med “ordentleg misjonærbil”

Noko av det eg fann ut var at: det er ein  IQ- test å få nøkkelen ut av slike bilar, og det er ikkje lett å ta u-sving med så lang og stor bil når det er masse trafikk. Det hadde kanskje ikkje vert noko problem i andre byar, men her er det lagt opp til at du må ta u-sving veldig ofte.

Det vart ein latterfull og veldig fin

Tusen takk for ein veldig fin kveld jenter!


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.